onsdag 19. januar 2011

Gratulira med dagen

21 år i dag!  
På grunn av eller takka vera magien med internett og facebook har eg motteke over 160 gratulasjonsmeldingar til no.  160!!


Dagen er fortsatt ung så det kan komma fleire og, sjølv om bursdagen min berre varar frå 23.58 til 00.00 19. januar.


Men det eg tenkte eg skulle ta opp sidan eg no prøver å bli ein aktiv (reise)bloggar er gratulasjonane og kven som gratulerar.  For ALLE gjer det jo.


Det spelar ingen rolle korleis dei kjenner meg, eg får gratulasjonar frå kjente og ukjente, vener og kolleger, familie og folk eg har møtt maks ein gong, gamle barnehagetanter og lærarar, trenarar og folk eg har spelt med eller mot :D


Det er jo kjempekosleg at dei tek seg nokon sekund fy å skriva til meg, og det er spesielt kjekt når dei skriv litt utanom standarden: Gratulera med dagen.


Den er fortsatt den mest populære, men her er eit utvalg av nokre av dei helsingane eg har fått:



  • Gratulera med dagen
  • Gratulera so mykje
  • Grala med dagen
  • Gratla med dagen 
  • Grattis med dagen
  • Hipp Hipp Hurra
  • Hurra
  • Congratz (Engelsk - ikkje verst)
  • Grætz (ana ikkje ke detta betyr, men takk brynjar)
  • Happy B-day (personleg trur eg folk skrive B-day fordi dei ikkje veit korleis  BIRTH blir stava)
  • GMD (dette er berre latskap, men for al del: takk for bokstavane)

Så har du dei med dårleg tid, kan ikkje stoppa no, ha andre ting å gjera:



  • Grattis
  • Gratulera
  • Hurra
  • Hipp hipp (hipp hipp kva??)
Kan og nemna dei som brukar dialekt eller internettspråk:
  • Gratulira me dajen
  • Gratz m8
Det med å slenga på namnet mitt til slutt og er noko eg får ein del av

" Gratulira med dagen, Terje :D "



Smileys og utropsteikn blir og heftig brukt, men det med namnet gjer det kanskje litt ekstra personleg.


Men teinkte eg får lista opp nokon av dei som betyr mest for meg, å det er dei med ein liten beskjed eller ein gest, eit kallenamn eller noko som beskriv meg for den personen som gratulerar eller noko me har opplev/skal oppleva saman...


Her er mine favorittar:

  • "Grattis, sussebass"  (Takk Elinor)
  • "Gratulera med dagen pus" (Takk for det Johanne)
  • "Gratulera! forlanga blide av leggane som takk!" (dette tek meg tilbake til ein situasjon der storleiken på leggane mine var kraftig i fokus, Takk Åsgeir)
  • "Gratulera med dagen! du helde deg godt!" (Da gjere du og Oddi, Takkar)
  • "Grattis Pakkis" (Sjokkerande at da e Sondre)
  • "HippHipp Mr.NiceGuy!!! Fantastisk helg og imponerande pole-"dancing"...;)" (Takk for Ivar, Syns ho damao at du va flink å "dansa" og)
  • Grattis med dagen, galning!;) (Terje ser tydlegvis på meg som ein galning, kan jo ikkje nekta)
  • Gratulere så mye med dagen, Bali-buddy! kos deg masse i dag :D (Takk Mari, eg prøve)
  • Gratulerar med onsdag!!! (denne kom nett no frå han OLAV THUNE, elska dan, lika han litt og)
  • Vil gratulera Terje Målsnes so mykje med dagen, kjem til å savna deg når du reise vekk..buhuuu (Tarjei tagga meg faktisk i eit eige innlegg på veggen, kjem til å savna han og, trur eg skal pakka han med)
  • Anna skreiv og ein veldig fin ein til meg, men den var på mobil så eg held dan for meg sjølv :)
Desse eg kom på no, treng ikkje vera så veldig spesielle, men desse traff meg heilt inst i hjarterota!

Må nett nemna at eg ha fått tilsendt sangar frå Øystein, Idar og Anita:


http://www.youtube.com/watch?v=0UcFXvAAZ0A (Denna sangen beskrive livet mitt so utruleg godt)

http://www.youtube.com/watch?v=Youp9r30hjs&feature=player_embedded (veit ikkje om da va nøyaktiig slikt alt skjedd, å eg ha heller ikkje teinkt å spyrja)

TUSEN TAKK FOR ALLE GRATULASJONAR, STORE SOM SMÅ :D  EG BYRJAR Å NERMA MEG 180 NO.  EG SKAL INNRØMMA AT DET IKKJE ER LIKA SPESIELT Å HA BURSDAG LENGER.  FØR VAR DET JO HEILT MAGISK,  SÅ BLEI EG LITT ELDRE OG DÅ BLEI DET DIGG FORDI EG KUNNE KØYRA BIL, DRIKKA ØL, DRIKKA SPRIT, LÆREKØYRA OG HA SEX (HAHA, HJELPE IKKJE MYKJE AT EIN HAR LOV :P )

SLIK SÅG EG UT DÅ DET VAR MAGISK Å HA BURSDAG:


Det er glede det!!





tirsdag 11. januar 2011

No skal eg ut av Vik --> so skal eg heim att

Har budd heima veldig lenge.

21 år er lenge.

Dei siste 2 åra har eg skrive og tenkt ut forskjellige plassar eg vil reisa til.
Ein ting som er litt seigt er det at det kostar masse peng å reisa.

Så eg får neppe opplevd alt eg har lyst til og reise til alle plassane eg vil, men no er eg i allefall på veg...

16. februar flyr eg i retning Australia, der skal eg vera i ca 10 dagar før eg sett kursen mot Bali.
På Bali blir eg faktisk i 3 månadar eg tek PT-utdanning ilag med Active Education.

Så reise eg heim 15. juni.

Sommaren blir eg heima og går masse i fjellet og jobbar ein del håpar eg.

For i slutten av august reiser eg ut att.

Argentina er neste stopp på vegen.  Der skal eg vera i 3 månadar og læra meg så mykje spansk som eg kan.  I desember 2011 startar me på ein backpacking tur oppover i Latin-Amerika.

Det er det som er planlagt så langt, etter det må eg vel ta meg eit yrke av eit eller anna slag å betala ned litt gjeld.

Blir merkeleg å vera så lenge vekke, men det gjer det jo berre desto betre å komma heim :D