søndag 4. september 2011

Ei veka i Argentina

Har no vore i Argentina i ei veka og har ikkje har ikkje så mykje å klage på enda, men eg finn nok på noko snart.  Veka starta fint og lett med ein test eg strauk kraftig på og omvisning på skulen.



 Stig forsyn seg med noko av den nydlege maten i kantina på skulen.
 Lunsjen min som eg betalte ca 30 kr for.
 Friminutt
 ein statue



 Fire bilete på rad av dei same skyskraparene
 Laga god mat i heimen

Lunsj på Cafe Rivas
 heftig motorveg med 12 file -->  lyskrysse skifte 3-4 gonger før du kjem deg over

 Tangokveld...


 Ikveld lærte mi å gå...

 Ei ao jentene som gjekk seg ein tur i glasset - stakkars glas
 Spinning i Argentina er heftig - starta i 100 å slutta i 101
God pizza til 22 pesos --> ca 26 kroner


 Vin og sushikveld --> Sushi er godt!!!
 Kim nyte eit glas rødvin
 Vin blir bedre og bedre dess meir du drikke av det

 Nydeleg


 "Smil, du representera Argentina sin vin"
 Kan ikkje tru eg aot detta -->  endå meir utruleg er det at eg likte da
 "Ta bilde av meg då"
 Hege fått i seg nok vin?


 mmmm
 Landskamp på kvitt vegg --> Lenge leve Tv2sumo

Hei hå...

tirsdag 30. august 2011

Peru, San Telmo, Buenos Aries, Argentina, Sør-Amerika, Verda

På fredag var det klar for ny tur for heimalambe.  Denne gangen reiser eg til Argentina og målet er å læra seg spansk og sjå meir på denne delen av verda.
Etter endt skulegang i Buenos Aires med Kulturstudier er planen å reise oppover mot USA.  På reisen skal me innom Bolivia, Peru, Ecuador, Colombia, Cuba, Panama, Costa Rica og USA (kanskje det blir fleire og)

Fredag morgon reiste eg med Expressen frå kaien heima i Vik, 150 meter frå inngangsdøri vår.  Då eg sto og venta på flybussen fann eg ut at eg mangla bankkortet mitt.   Heldigvis for meg møtte eg ein kjekk herre med bart på Gardermoen som gav meg sitt.

Hoppa berre over flyturane frå Bergen til Oslo til London og til slutt til Buenos Aries, Argentina.

Vel framme i Argentina fann eg ut at det ikkje berre var meg som kom utanom fellesreisen, eg fann vel strengt teke ut at eg var på fellesreisen utan å vita om det.  For på flyplassen samla deg seg plutseleg ein veldig stor gjeng som viste seg å vera andre Kulturstudier-studenta.
Samen med dei sto ein langhåra kar som heite Eduardo og ein med kort hår som heite Christian.

Desse karane tok oss med til Pichincha 1033 der eg trudde eg skulle bu dei neste månadane, men der tok eg feil.  Etter mykje om og men fann me ut at eg skulle til eit anna hus.  Og eit nydeleg hus var det.  (bilete kjem)

Eg blei litt sjokka då eg fann ut at eg skulle bu med to andre gutar på eit enkelt rom, men eg hadde mykje viktigare ting å tenkje på:  Korleis skulle eg få sett Liverpool-kampen???
Det viste seg heldigvis at dette ikkje bli noko problem --> 20 meter frå inngangsdøra var det nemleg ein pub eg kunne sette meg inn på og sjå Liverpool leike seg med Bolton medan eg prøvde ein øl som hadde vore argentinsk, men no var den brasiliansk.  God var den, men ikkje lika god som Bintang!

Då eg kom tilbake til "leiligheita" hadde Stig og Kim kommet (dei hadde vore ei veke i Rio)
Me tok oss ein runde i nabolaget, handla inn litt mat og drikke til kvelden.  For å gjera ei kort historie kortare tok me oss eit måltid ute gjekk på ein pub, diskuterte alt som er galt med det norske skulesystemet, bokmål og nynorsk, før me gjekk og la oss rett før klokka 12 (sjuke festmenneske dette)


Sundagen starta veldig friskt med ein joggetur, ein dusj, frukost og ein byvandring for å sjå på alle marknadane som er på sundagane.  Seinare på kvelden var det infomøte på Pichincha der sikkerheit var hovudtema.  Me fekk blant anna høyra ein historie om ein kar med pistol som rana ei norsk jenta.  Denne jenta gav han alt ho hadde, men ho var så redd at ranaren blei bekymra for ho og følgte ho heim.
Etter kvart blei det grilling og vin.  Me fekk og ein tango-oppvisning og onsdag skal me i elden sjølve.






 Marknad på sundag




 Virkar som Buenos Aires er delt inn i ein gamal og ein moderne del, som fortsatt er under utbygging
 Spenstige krana...






 Her er gymmen eg skal trene på dei neste tre månadane, enkelt og greitt


 Viktig med første skuledag-bilete
 Yngstemann er nervøs...


 Skulen vår...


 Spente studentar...
 Kimen gledar seg...
 Test første skuledag.  Eg enda som venta på botn
 Eit hus...
 Lunsj ala Vik fengsel



 
Skulen
 Her skal me ikkje eta mykje!
 Skulen
 Bibloteket

 Omvisning...








 Sjefen på skulen (trur eg)

Ja dette gjekk kjempemoro...